Hjartebankfest 2018

Arrangementsinformasjon

Odd Nordstoga kjem! Aleksander Gamme kjem! Kjem du?
Frivilligheita vert hylla når Holmatun og Sparebanken Vest inviterer til husfest i Holmatun fredag 14. september. Her vert det kåringar, foredrag og sjølvsagt: FEST!


Aleksander Gamme er både konferansier og foredragshaldar i Holmatun 14. sep

Program:

Kl 1800: Foredrag Aleksander Gamme i Storesalen
Kl 1900: Utdeling av Sparebanken Vest sine gåvemidlar, samt andre prisar for å hylla frivilligheita i regionen (Årets Harding, Årets lagspelar osv)
Kl 2000: Middag i Peisestova
Kl 2100: Dørene opnar i Storesalen
Kl 2200: Odd Nordstoga
Kl 2300: Husfesten held fram i Peisestova

Bidragsytarane:

Odd Nordstoga:

Odd Nordstoga slapp dobbelplata «Kløyvd» i februar 2018. Noko av musikken har du kanskje høyrt, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten «Fri» har du også ganske sikkert høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid radiohit, og verserte på topp 10 på radiolistene til langt ut på hausten. Dette albumet viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken. Historiane på «Kløyvd» handlar ofte om strevet med å finne forløysing, finne fred, finne heilskap. Det er, som tittelen antydar, ikkje så lett for eg-personane på denne plata. Anten det er ein kval, ein nyskilt mann eller ein forvilla utflytjar det handlar om, så har dei ikkje funne heilt «heim». Odd Nordstoga stiller solo og gler seg veldig til å koma ut å framføre denne plata i Holmatun! I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra!

Aleksander Gamme:

Eventyrar, energibombe, fjellklatrar, polfarar, basehoppar, safariguide, forfattar og far. Friluftslivet til Aleks Gamme er mildt sagt svært variert med mange opplevingar og like mange bragder. Gamme er ein ettertrakta foredragshaldar og kjem til Øystese for fyrste gong. Her vert det servert soger med lått og lite sjølvhøgtidelegheit frå bokstaveleg tala alle verdshjørner. Frå Antarktis til Mount Everest til sykling i Sahara til kryssing av Mjøsa i eit badekar. Vel møtt!

----

Medarrangør av hjartebankfesten er Sparebanken Vest. Banken deler årleg ut gåvemidlar av overskotet til frivillige lag og organisasjonar for å skapa levande bygdesamfunn. Dette er fyrste gongen utdelingane vert kombinert med husfest i Holmatun i Øystese.

Holmatun - arena for Hjartebankfest 2018

oddnordstoga
aleksandergamme
hjartebank
holmatun
åretsharding

Restriksjoner

Ingen refusjon på kjøpte billettar

Ansvarsfraskrivelse

18 års aldersgrense