Tone Damli

Arrangementsinformasjon

Som 16 åring vart vi kjent med Tone gjennom Idol, og vidare har det gått slag i slag for den hærlege dama fra Sogn. Ho har pryda forsider titt og ofte og vi har alle fått sjansen til å ta del i Tone sitt liv i rampelyset. Nyleg fekk vi sjå hennar versjon av sitt eige liv i Tv2 serien "Hver gang vi møtes" som rulla på skjemen på nyåret. Her imponerte ho med tolkingar av andre sine låtar, samstundes som vi fekk bli betre kjent med Tone sine eigne låtar. No gler vi oss til å ta imot ho på Mjølkerampen!