page view image

Shaggy Dogs + Eric Slim Zahl

Arrangementsinformasjon

EN KONSERT UTENOM DET VANLIGE


SHAGGY DOGS

Alle treng ein plass dei kan lade batteriene. For dei som bur i Sør-Paris, og elsker blues og rock, vil valget falle på den legendariske klubben Le Plan som ligg i Ris Orangis. I dette lokalet, som har plass til 150 gjester, kunne ein drikke, ta seg ein matbit samtidig som du såg konserter med kult-band som The Ramones, Motorhead og The Inmates. Dette var plassen kor Shaggy Dogs fekk sine første og sterkaste musikkopplevingar. Dette gav dei mot til å sjølv tørre å satse på musikken.

Det heila starta som ein tribute til Lee Brilleaux, som var leder i Dr. Feelgood. Shaggy Dogs sin reise var starta, og dei reiste flagget for ein energisk og oppriktig rock. Sidan den gong har bandet gitt ut 7 album og turnert i Frankrike og resten av Europa, Canada og Japan. Bandet har samarbeidet med produsent Gary Bromham. Bromham har tidelgare arbeida med artistar som U2, Bjrørk og George Micheal. Bromham såg styrken i den varierte, kurtuelle innflytelsen bandet hadde, og hjalp dei med å framheve dette.

Bandet er alltid fint kledd når dei står på scena. Bli med på ein kveld der du får oppleve både, blues, rock og antydning til punk, saman med ein vill calypso, blanda saman i ein skjønn harmoni! Dette blir noko utanom det vanlege!


ERIC SLIM ZHAL

Vokalist og gitarist, Eric Slim Zhal, har besøkt Odda tidlegare. Han starta karrieren sin med å spille irsk folkemusikk og skrive funky hip-hop. Han er inspirert av gitaristar som Brian Setzer, Vidar Busk og Kid andersen, og låtskrivere sim Julie Miller og Townes Van Zandt.

Han har turnert rundt med bandet sitt Eric Slim Zhal & The South West Swingers. Bandet starta opp i 2006, og har sidan den gang turnert rundt i Norge, Europa og USA. Bandet har høsta gode tilbakemeldinger på både konsertar og platene sine.

"It’s been a special privilege presenting such a great artist band as Eric Slim Zahl & The South West Swingers on our stage. Your performance was top notch and has been celebrated by a delighted and enthusiastic audience. I’m sure that both, the crowd and the organizers will never forget your superb show. Thank you for being part of our festival family!" 
- Daniel Mebould, Lucerne Blues Festival