page view image

Hyllestkonsert Bjørn Borge

Arrangementsinformasjon

På scenen får vi blant annet se og høyre tidlegare medlemmer frå H.S.D. Bandet holdt på i perioden 1991-2000, og var eit festglad band som sang på oddisk og engelsk. Bandet bestod av Bjørn Borge, Erlend Huus, Kjetil Huus, Magnus Mjør, Svein Ivar Angell og Ingmar Meland. Med folkemusikaren Bjørn Borge i rekkene var det ikkje til å unngå at repetoaret dreide seg om folk-rock. Bandet omsette engelske tekstar til nynorsk og oddisk. Her fekk dei litt tekstmessig drahjelp frå Frode Grytten.

H.S.D var ikkje eit rasereint Oddaband, med hadde innslag av fjordablod og Sundhordlandsblod. For å finne kjelda til bandet må ein likevel tilbake til byggjefeltet i Skare, der Svein Ivar Angell og Bjørn Borge i yngre år kryssa kvarandre sine stiar. Då bandet gav seg i 2000 hadde dei helde rundt 60 konsertar. (Kjelde: Rock og røyk, Erlend Huus)

27. april stiller nokre av medlemmene frå H.S.D på scena, Svein Ivar Angell, Magnus Mjør og Ingmar Meland, med seg har dei Krister Andersson på trommer, Harald Molven på bass og Alexander Røynstrand på hardingfele.

I tillegg til H.S.D får vi besøk av Frode Grytten på scenen. Som nevnt tidlegare hjalp Grytten til då engelske tekstar skulle omsettes til nynorsk og oddisk.

Vi får også besøk av Jan Ove Vintertun, som spelte saman med Bjørn i Skare Trio, og visekunstner Øyvind Terjesen fra Utne, som hadde mange musikalse prosjekt saman med Bjørn på 90-tallet.

Konferansier for kvelden blir Karl Ystanes, som arbeida saman med Bjørn i Hardanger Folkeblad.

Dette blir ein flott kveld med flott musikk, historiar og gode samtaler. Og kvelden, den kan by på overraskelser! Gå ikkje glipp av dette.