page view image

80- og 90-talsfest på TYST

EVENT INFORMATION
event image

3. desember får me besøk av DJ Helge som skal laga ein forrykande 80- og 90-talsfest på Tyst.

DJ Helge vaks opp på Baldersheim i Fusa kommune. Han starta tidleg som DJ på ungdomsdisco. Gjennom tallause jobbar i utelivsbransjen, både i og utanfor Bergen i tillegg til We love the 90s og Waves of the 90s med Fjordline, har Dj Helge opparbeida seg brei erfaring på korleis gjestene responderer på musikken han spelar. Han har mellom anna vore DJ for 90-talsartister som Dr Alban, Haddaway, SNAP / Turbo B, Rednex, Infinity og Reset.

Det er berre å køyra seg opp til ein heilaftan med alt det beste både 80- og 90-tallet har på by på, i eí herleg teknisk innpakning.