page view image

Joolabingodisko med Microbandet

EVENT INFORMATION
event image

Det store høgdepunkt i Holmatun denne jola! Legendariske Microbandet kjem på besøk med det utruleg populære bingokonseptet sitt. 


Storstova i Holmatun opnar dørane for dette gjensynet med bygdas eigen julehyggeduo! Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i nesten ti år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Som alle seriøse microband, har dei valt å fokusera særleg på julehøgtida, og før dei eigentleg hadde hatt sin fyrste spelejobb, hadde dei spelt inn ein julesingel, som vart trykt på raud vinyl (trykt med støtte av Øvreviken pub som løn for å laga og spela inn den legendariske Øystesesongen for Øystese Fotballklubb. Den er det sjølvsagt fleire att av, sjølv om dei ikkje trykte opp særleg mange). Elles vel dei ut nye og gamle klassikarar og framfører med stor innleving og nesten reine harmoniar inni mellom. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet, det same gjeld O helga natt og Ding-dong-merrily on high. Mottoet "ingen forventningar" innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. God joolabingo, folkens! Vetlestova (Tyst) opnar dørane og sveivar igang techno-grammofonen etter kl 23.

Program:

Kl. 19:00: Dørene oppe i Holmatun opnar
Kl. 19:30: Bingostart
Kl. 23:00: DJ startar på Tyst
Kl. 02:00: Barane oppe og nede stengjer
Kl. 02:30: Dørene stengjer

Pris kr 200 (inkl Microbingo oppe i storesalen i Holmatun)
Pris etter kl 23: kr 150 (inngang til Tyst)

20 års aldersgrense