page view image

Julebord i Holmatun 3. desember

EVENT INFORMATION
event image

Vel møtt til julebord i Holmatun. Me dekkjer opp i heile huset og serverer eit storstilt trerettars måltid før Mikroband spelar opp til dans etterpå. 

Dette julebordet høver perfekt for både store og små firma, men også venegjengar og andre grupper er hjarteleg velkomne.

Program:
Kl. 18:30: Dørene opnar
Kl. 19:00: Matservering av trerettars festmåltid frå Øvreviken (Avgrensa plassar).
Kl. 21:30: Dans i Storesalen med Mikroband
Kl. 02:00: Baren stengjer
Kl. 02:30: Dørene stengjer


Meny:
Forrett: Gravlaks med grøne asparges og urtedressing.
Hovudrett: Juletallerken med pinnekjøt, medisterpølse og kjøttkaker. Tilbehør: poteter, pinnekjøtfeitt og kålrabistappe.
Dessert: Crème brûlée

Pris:
Julebord + dans: kr 695,-
Kun dans: kr 225,-

Inngang på Tyst heile kvelden er inkludert i prisen.

Påmeldingsfrist fredag 25.11. 

Minimumsantal for å gjennomføra arrangementet: 50 stk. Påmeldte deltakarar vert kontakta og refunderte om antalet vert for lite.

Mikroband spelar opp til dans.


julebord