page view image

Breidablik opp

EVENT INFORMATION
event image

Breidablik OPP

Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan verdsrekordane på 42:35 og 52:17 stå for fall? Legendene Stian Angermund-Vik og Anita Iversen Lilleskare innehar dei offisielle rekordane.
Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1968. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så snøgt som mogeleg opp.

Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018


Trasé:
Løypa er 5,7 km lang og har i underkant av 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: https://www.ut.no/tur/2.5086/

Reglar:
Konkurranseklasse:
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
- Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.

Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 10 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle!

Sosial etappe
Premieutdeling kl 14 på toppen om véret tillet det.

Pris:
Konkurranseklasse: kr 400
Trimklasse: kr 150


Anita Iversen Lilleskare på Breidablik etter rekordløpet i 2021

Målportalen er ei flyboren rot!

To legender: grunnleggjar av Breidablik, Bjarne Huse, flankert av verdsrekordhaldar Stian Angermund-Vik.


Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!

Store heltar og større heltar. Vinnar av løpet i 2019, Thorbjørn T. Ludvigsen, flankert av debutant og storspringar Jakob Aarekol Botnen.

breidablik
bergenoghordalandturlag
dnt

Restrictions

Ingen refusjon på kjøpte billettar

Takk til samarbeidspartnarane våre i Sparebanken Vest, XL Bygg Kvam, GBS Entrepenør og Mo Sport AS